Offentleg forvaltning har ei vid oppgåveportefølje, og mange ulike måtar å organisere seg på for å utføre desse oppgåvene. Mellom anna har staten etablert ei rekkje selskap, og ein praktisk viktig kategori av slike statlege selskap er statsføretak (SF), regulert av lov om statsføretak. Totalt åtte verksemder er i dag organiserte som statsføretak, mellom desse Statnett SF og Enova SF.
Føremålet med statlege selskap er typisk å kunne kombinere statleg engasjement med forretningsmessig drift og styring. Statsføretak er med nokre unntak regulerte på same måte som aksjeselskap der staten eig alle aksjane (statsaksjeselskap, jf. aksjelova kapittel 20), og eit statsføretak kan ikkje ha andre eigarar enn staten. Dagens statsføretakslov byggjer derfor på reglane i aksjelova, men har ikkje blitt modernisert på linje med selskapslovgivinga elles.
For å sikre ei oppdatert regulering av statsføretak, har Kommunal- og distriktsdepartementet no forslag til ny lov om statsføretak ute på høyring. Høyringsfristen er 4. mars, og her følgjer ein oversikt over dei viktigaste endringsforslaga:
Departementet vil behalde lova som ei kort, enkel og fleksibel lov, noko som er mogleg på grunn av eigarstrukturane i eit statsføretak. Det er ikkje opning for andre aksjonærar enn staten. Derfor kan lova konsentrere seg om å regulere korleis staten kan utøve eigarmyndet sitt, og kva fleksibilitet og handlefridom statsføretaket har i den daglege drifta og den løpande forvaltninga av føretaket.
Som følgje av dei utvida reglane i aksjelova i seinare år om kompetansen og oppgåvene til styret, vert tilsvarande reglar for statsføretak tydeleggjort i det nye lovforslaget. Departementet inviterer til særleg diskusjon kring spørsmålet om det framleis skal vere plikt for styret til å sende styreprotokollen til eigardepartementet. Bakgrunnen for denne regelen var opphavleg omsynet til statens ansvar overfor føretakskreditorane – tidlegare hefta nemleg staten for alle selskapa sine forpliktingar. Seinare er det innført ansvarsavgrensingar som gjer regelen mindre relevant. Departementet ønskjer likevel å behalde regelen for å sikre informasjonsdeling.
Andre mindre endringar etter modell frå endringar i aksjelova er føreslått for å sikre teknologinøytralitet. Til dømes vert "underskrift" endra til "signatur". Det er òg føreslått innført kjønnsnøytrale formuleringar ved tilvisingar i lova til forhold som gjeld styreleiaren.
Vår vurdering er at lovendringane som er føreslått er fornuftige moderniseringar og oppdateringar som vil bidra til å gjere organisering i statsføretak tenleg òg i tida framover. Lovendringane er også pedagogiske og gjer behovet mindre for å ta omsyn til aksjelova i den praktiske lovbruken. Det kan likevel spørjast om det er behov for ei slik statleg føretaksform ved sida av statsaksjeselskapsforma, særleg i lys av OECD sine retningslinjer for eigarstyring og selskapsleiing for selskap med statleg eigardel. I desse retningslinjene vert det tilrådd å forenkle og standardisere slike juridiske selskapsformer.
Departementet har i lovforslaget forsøkt å kome slike innvendingar i møte gjennom å tydeleggjere i ny føremålsparagraf at lova har ei smalare målgruppe enn aksjelova, og er aktuell som organisasjonsform der det ikkje skal vere andre eigarar ved sida av staten.
Kvale Advokatfirma har høg kompetanse innan både selskapsrettslege spørsmål og stats-, kommunal- og forvaltningsrett. Våre advokatar har lang erfaring med å bistå offentleg sektor i forvaltningspolitiske spørsmål om korleis statsforvaltninga og kommunesektoren bør organiserast og styrast. Ta gjerne kontakt med oss.