Fredric Holen Bjørdal

Managing Associate Autorisasjon: Advokat
Kontor: Ålesund

Fredric er spesialist i forvaltnings-, kommunal- og statsrett. Han arbeider òg mykje med arbeidsrett og varslingssaker, og har særleg kompetanse på arbeidsrelaterte spørsmål i offentleg sektor.

Han har bakgrunn som stortingsrepresentant i åtte år, og erfaring frå både finanskomiteen og arbeids- og sosialkomiteen. Dermed har han unik innsikt i politiske prosessar og offentleg styring.

Kompetansen Fredric har innan offentleg rett er til nytte i regulatoriske spørsmål der næringslivet møter forvaltning og juss. Særleg avgjerande er slik kunnskap innan gjennomregulerte sektorar som sjømat, fiskeri og havbruk. Fredric gir skreddarsydd og strategisk rådgiving om korleis næringsliv innan ulike sektorar bør innrette og tilpasse seg etter ny lovgiving og endra rammevilkår.

Fredric har mykje erfaring med rådgiving til det offentlege, både i enkeltsaker, utgreiingar og evalueringar. Han har mastergrad i samfunnsplanlegging, og kan difor kombinere samfunnsvitskapleg og juridisk spesialkompetanse i rådgivinga. Fredric er òg ein av få aktivt nynorskbrukande advokatar.

Fredric er anerkjend for sin offentlegrettslege kompetanse, og er oppnemnd til Advokatforeininga sitt nasjonale lovutval for forvaltningsrett. Han var medlem av ekspertutvalet for gjennomgang av Stortingets økonomiske ordningar, og er leiar av kontrollutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Fredric har erfaring som sensor, rettleiar og forelesar i juridiske fag, og er ein mykje brukt foredragshaldar.

Publikasjoner

Evaluering av forsøksordninga med kommunedelsutval i Ålesund kommune

Folkestad, B., Bjørdal, F. H., Sandvik, E. & Aarøe, M. A. (2023). Evaluering av forsøksordninga med kommunedelsutval i Ålesund kommune (Rapport nr. 120/2023). Høgskulen i Volda.
https://bravo.hivolda.no/hivolda-xmlui/bitstream/handle/11250/3049633/Rapport nr. 120.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Representantforslag i Stortinget

Bjørdal, F.H. (2019). Om representantforslag i Stortinget (Perspektiv 01/19). Stortingets utredningsseksjon.
https://www.stortinget.no/globalassets/pdf/utredningsseksjonen/perspektiv/perspektiv-01-19.pdf

Språk

Norsk

Engelsk